Omleiringa av Namur (1692) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av niårskrigen | |||||||
Omleiringa av Namur, juni 1692 av Martin Jean-Baptiste le vieux | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Frankrike | Spania Det tysk-romerske riket Dei sameinte Nederlanda | ||||||
Kommandantar | |||||||
Kong Ludvig XIV Marquis de Vauban Duc de Boufflers |
Hertugen av Barbançon Menno van Coehoorn | ||||||
Styrkar | |||||||
120 000[1] 151 kanonar |
~6 000 | ||||||
Tap | |||||||
7 000 drepne eller skadde | 4 000 drepne eller skadde |
Omleiringa av Namur, 25. mai–30. juni 1692, var eit stort slag i niårskrigen, og ein del av den store planen til franskmennene om å slå styrkane til Storalliansen og raskt avgjere krigen. Namur, som ligg ved samløpet mellom elvane Meuse og Sambre, var ei mektig festning og ein viktig politisk og militær stad. Dei franske styrkane, leia av Vauban, tvinga byen til å overgje seg den 5. juni, men citadellet, kommandert av Menno van Coehoorn, klarte å halde ut til 30. juni før dei kapitulerte, og avslutta den 36 dagar lange kringsetjinga. Kong Ludvig XIV var redd for at kong Vilhelm III planla å gjenerobre festninga og gav sin øvstkommanderande, duc de Luxembourg, om å gå til slag mot dei allierte, noko som førte til det blodige slaget ved Steenkerque den 3. august.